download process

MP3 Atle Hansen - Blå Måne

Not Available

This file is no longer available on Tradebit.

MP3 Atle Hansen - Bl&ari
14 MB PHP File - Platform: MP3

Atle Hansen syng tekstar av Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Rune Belsvik. Då plata kom ut i 2005 skreiv Fredrik Wandrup i Dagbladet: Norsk folkrock/blues/country lever med melankolsk kraft på Stord.

14 MP3 Songs in this album (57:20) !
Related styles: Rock: Folk Rock, Blues: Blues-Rock, Type: Acoustic

People who are interested in Eric Burdon Johnny Cash Tom Waits should consider this download.


Details:
Ragnar Hovland om Atle Hansen (liner notes til cd
-utgåva i 2005):

Hansen gir seg aldri

Hansen gir seg aldri. Hansen syng. Hansen spelar inn plate. Hansen er endeleg popstjerne. Ein skal minnast litt. Første gongen eg høyrde Hansen? Truleg på Bryggen Museum i Bergen der han song tekstar av svoger Rune Belsvik og eg tenkte at sjå der, her har vi endeleg ein visesongar som er utdanna ved Eric Burdons Akademi for Skikkeleg Song.

Dette blei innleiinga på eit stormfullt samarbeid som i større og mindre grad har vart til denne dag, altså godt og vel ti år, og som omfattar både plateutgjeving og fleire kabaretar. Songar-gitaristen fekk dermed innpass i kresne og avantgardistiske litterære miljø som visste å setja tilbørleg pris på han, og forfattaren fekk reise rundt med ekte musikarar og både spele tangentar og synge.

Mykje kunne seiast om Hansens og underteiknas liv og lagnad ute på dei norske vegane, der vi like ubesværa vann publikums hjarte i ølstover og studentkroer, i dystre storbyar og på nakne holmar, men det er best for mange at ikkje alt blir sagt. Det skal berre nemnast at på desse åra har Hansen stumpa sigaren for godt, raka av seg mexikanarbarten, gifta seg og blitt familiefar.

Men lat oss ikkje bruke dette mot han. Røysta er mykje den same, og som Tom Waits så rett har påpeika, hevdar den seg blant det aller beste i Norge. Hansen på scenen, åleine eller med band, høyrer alltid med til dei Gode Ting i livet, når han framfører sine melankolske songar frå den sunnhordlandske skumringssonen. Og no (igjen) Hansen på plate. Om mannen eigentleg er visesongar, bluesartist eller (iallfall) rockar, spelar mindre rolle. Han er nok både alt dette og meire til. Og først og fremst er han det han alltid har drøymt om å vere; ei ekte popstjerne. Denne utgjevinga viser det til fulle. Rydd så ein plass for Hansen i draumen din.

Ragnar Hovland

Musikarar: Ole Jacob Hystad, sax, Ole Amund Gjersvik, bass, Tarald Tvedten, trommer (spor 2, 7, 8, og 9), Magne Tormodsæter, bass (spor 2, 7, 8, og 9), Roger Sjøvold, gitar, Bjørn Vassnes, gitar (spor 10), Torleif Iversen, trommer (spor 10), Gabriel Flilflæt, trekkspel, Tor Bjarne Bjelland, trommer.
Spor 2, 7, 8, og 9 vart spela inn i NRK Hordaland med Bodil Moldskred som teknikar.
Spor 10 vart spela inn i Sigma studios Bergen i 1985 med Torleif Iversen som produsent og Yngve Sætre som teknikar.
Live opptaka er gjort på Tapperiet, Stord av Gisle Østrem. Dei andre spora er spela inn i Ungdomshallen på Stord med Gisle Østrem som produsent og teknikar.
Alle songane utanom "Alle gode sjøfolk" er spela inn live i studio utan pålegg av noko slag.

"Blå måne" vart først gitt ut på cd i 1995.


in partnership with CDbaby

(ID 109215117)

File Data:

Contact Seller:
music, CDbaby reseller US, Member since 06/19/2005

URL:

Embed:
Create JavaScript Mobile Tag Widgets for your homepage

More Files From This User

Related Files


Tradebit Reviews

Tradebit is the worlds largest marketplace for digital files, with over 2.5 million satisfied customers and millions of digital products. Online for over 12 years, Tradebit is the best place to find files like music, video tutorials, repair manuals, and more. If you're curious about how much our users love Tradebit, read reviews from real buyers!